Endå ein ambulanse råka av bensintabben
Endå ein ambulanse er råka av bensintabben som førte til at 50 dieselbilar fekk feil drivstoff i Molde sist veke.
Det stadfestar Kjetil Foyn, som er leiar for berekraft og kommunikasjon i Circle K Noreg AS. Han seier begge ambulansane er på verkstad.
Foyn seier til NRK at dei framleis ikkje har oversikt over kor mykje bensintabben kjem til å koste selskapet, og at dei heller ikkje har fått tak i alle som er råka av feilen.
Alle får kostnader til leigebil og reperasjonar dekt.