Lauslaten etter masseslagsmål i Bergen sentrum
Etter det på 17. mai braut det ut masseslagsmål i Bergen sentrum tok politiet hand om fem unge menn. Ein av dei, ein mann tidleg i 20-åra, fekk status som sikta og sat framleis i arresten laurdag morgon.
Sundag er han lauslaten, men framleis sikta, skriv BT.
– Det var ikkje grunnlag for fengsling, seier politiadvokat Linn Mari Søfteland til avisa.
Ifølge Søfteland er det per no registrert éin fornærma i saka mot 20-åringen.