BT: Mannen som er sikta for vald i Bergen er avhøyrt
Mannen i 20-åra sikta for vald mot to menn og ei kvinne i Strandgaten, er ifølge BT avhøyrt og utskriven. Eit vitne til hendinga sa til NRK i går at personen trudde han blei vitne til eit drap.
Mannen i 20-åra blir framstilt for varetektsfengsling i Hordaland tingrett klokka 12.00 i dag.
Politiadvokat Linn Mari Søfteland seier dei vil be om fire vekers fengsling, fordi dei meiner det er gjentakingsfare. Det skriv Bergens Tidende.
– Han er avhøyrt og utskriven. Vi fekk eit telefonavhøyr av han laurdag kveld. Han har sydd nokre sting og forklart seg godt, opplyser Søfteland til avisa.
BT skriv at det søndag morgon enno ikkje er oppnemt bistandsadvokat i saka.