Sjøkabel utanfor Vesterålen utan straum igjen
Sjøkabelen LoVe utanfor Vesterålen manglar straum, men Havforskingsinstituttet veit ikkje om det er brot på kabelen.
– Vi kan verken stadfeste eller avkrefte at det er eit brot på kabelen, seier kommunikasjonsdirektør Marit Hauge til Bladet Vesterålen.
Kabelen mista straumen også i 2021. Då blei kabelen kutta, og 4,2 kilometer kabel forsvann. Etterforskinga konkluderte med at kabelen truleg blei rive bort av eit fiskefartøy, som så kutta kabelen.
Havforskingsinstituttet er no i gang med å leite etter årsaka til at kabelen nok ein gong er utan straum.