Lågt sal av økologiske grønsaker
Det er for tida låg omsetning av økologiske grønsaker i Noreg. Unnataket er poteter, der det er nesten ikkje er mogeleg å få tak i konvensjonelle poteter dyrka i Noreg, skriv Landbruksdirektoratet i marknadsrapporten, melder NTB.
Grunnen til potetmangelen er dårlege avlingar i fjor.
Også lagra av gulrøter i er ferd med å tømmast.
– Det vil truleg vere norsk gulrot tilgjengeleg i fleire veker til. Behaldningane er størst i Midt-Noreg og på Vestlandet, og det blir difor transportert ein del gulrot derfrå til Austlandet, skriv direktoratet.