Demonstrantar har tatt seg inn i den finske rikskringkaster - Krev ESC-boikott
![Demonstrantar har tatt seg inn i den finske rikskringkaster - Krev ESC-boikott](https://gfx.nrk.no/HQ1Uod0vB_sg1TBpYcc7VQRJ_s8KHNSG44rblstEUaQQ.jpg)
Ei gruppe demonstrantar har tatt seg inn i lokala til den finske allmennkringkaster Yle i Helsinki.
Demonstrantane krev at kanalen boikottar Eurovision Song Contest fordi Israel får lov til å delta i songkonkurransen.
Ifølgje demonstrantgruppe sjølve skal det vere snakk om rundt 40 demonstrantar.
Bilde frå staden viser demonstrantar som sit i resepsjonen til allmennkringkastaren med palestinske flagg og skilt.
Ein av demonstantane, WIlhelm Blomberg, seier til Hufvudstatsbladet at det framleis er mulighet til å vise støtte til det palestisnke folket.
Finalen i Eurovision, der både Norg og Israel skal ta del, går føre seg laurdag kveld.