Nestleiar i AUF ønsker å bli ny leiar
Onsdag varsla Astrid Hoem at ho gir seg som leiar for AUF. No seier nestleiar Gaute Børstad Skjervø at han ønsker å stille som kandidat til vervet.
– Eg er toppmotivert til å ta i eit tak for AUF og arbeidarrørsla – og om landsmøtet vil, er eg kandidat som ny leiar i AUF, skriv han på Facebook laurdag morgon.
Han skriv vidare at kampen mot fattigdom, ein meir praktisk skule og klimakamp er blant sakene han er oppteken av.