Røykutvikling i leilegheitsbygg i Bergen
Naudetatane rykte ut til Fridalen i Bergen der det var meldt om røykutvikling i eit leilegheitskompleks. Bybanen vart stoppa på Wergeland og på Danmarks plass, men får no gå igjen.
Røykdykkarar gjekk i innsats, meldte 110-sentralen. Røyken kom frå kjellaren på bygget.
- Det pågår evakuering av leilegheitane, medan røykdykkarar prøver å lokalisere brannen, sa vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen til NRK. Klokka 16.50 melder 110-sentralen at dei ikkje kan finne årsaka til røykutviklinga. Røyken er no meir eller mindre vekke, men noko brannmannskap blir att for etterkontroll. Ingen personar vart skadd i røykutviklinga.