Starter den største ulvejakta i moderne tid i Sverige
I Sverige er det gitt lov til å skyta 75 ulvar i år. Måndag starter dermed den største ulvejakta i moderne tid. Totalt har 203 ulvar blitt skotne under lisensjakta sidan 2010, då Sverige opna opp for ulvejakt igjen.
– Jakt er heilt nødvendig for å bremsa veksten av ulv. Ulveflokken er den største me har hatt i moderne tid, seier viltforvaltar i Svenska Jægerforbundet, Gunnar Glöersen, til SVT.
Årets jakt dekker 12,5 revir i dei fem fylka med mest ulv: Gävleborg, Dalarna, Västmanland, Örebro og Värmland. Det halve reviet er forklart med at ulvereviret ligg på grensa til Noreg, og derfor blir berre halvparten av reviret rekna inn i den svenska jaktkvota.
Fleire naturorganisasjonar er kritiske til årets lisensjakt, og meiner det kan få konsekvensar i lang tid framover, skriv kringkastaren.
– Ein blir oppgitt. Det kjem rapport etter rapport om at ulvestammen har store problem, men ein tar det ikkje på alvor, seier Daniel Ekblom frå naturvernforeininga Naturskyddsföreingen til SVT.
Per i dag er det 460 ulvar i Sverige.