Overraska over tvungen lønnsnemnd
0
Streikeleiar Stig Jonny Fitje i Unio Sunnfjord er overraska over at regjeringa går til tvungen lønnsnemnd i Unio-streiken. – Vi har lagt vekt på at det skal vere ein ansvarleg og forsvarleg streik, og det meiner vi å ha klart. Det er rart når det ryk ut på ein slik liten ting, seier Fitje. Regjeringa har vist til at ein alvorleg situasjon ved eit avfallshandteringsanlegg i Fredrikstad er bakgrunnen for avgjerda.