– Utøvar-nei til OL-demonstrasjonar
Meir enn to tredeler av idrettsutøvarane støttar IOCs forbod mot å demonstrere på arenaen eller under sigersseremoniane under OL i Tokyo og Beijing, melder IOC sjølv.
Røystinga var sett i verk av IOCs utøvarkomité, og 3547 utøvarar røysta.
– Majoriteten av deltakande utøvarar meiner det ikkje er bra å gi uttrykk for individuelle standpunkt under opningsseremonien, på pallen eller på arenaen, skriv IOC.
Men dei kan møte motstand. OL- og Paralympics-komiteen i USA har allereie sagt at dei ikkje vil straffe utøvarar som demonstrerer på ein respektfull måte under leikane.
Kneling under nasjonalsongen og trøyer med «Black Lives Matter» har fått stort omfang innan idretten det siste året.