- Ingen EM-kampar i Bilbao
Den spanske byen Bilbao får av smittevernomsyn ikkje arrangere kampar i fotball-EM i sommar, melde lokale styresmakter onsdag kveld.
UEFA skal fredag avgjere om dei tre byane München, Dublin og Bilbao skal strykast frå lista over dei 12 planlagde arrangørbyane. Men Bilbao har allereie fått vite at dei blir kutta ut.
Årsaka er at byen ikkje kan love publikum på tribunene, slik UEFA krev.
Kravet går ut på at alle arrangørbyane må ha minst 10.000 tilskodarar på kampane.
Bilbao skulle ha arrangert kampar i gruppe E, og Spania skulle ha spela alle sine gruppekampar der. Dei andre i gruppa er Sverige, Polen og Slovakia.
Bilbao reagerer på å bli kutta ut, og truar med erstatningskrav overfor UEFA.
Kvar kampane no skal spelast, blir klart fredag.