Isene tok NM-sølv i stille høgde
Diskos-kastar Ola Stunes Isene konkurrerer ikkje berre i spesialgreinen under innandørs-NM i Bærum. Han stilte til start i høgde utan tilløp, og der tok han ein imponerande sølvmedalje. Isene hoppa heile 1,67, som berre var tre centimeter lågare enn gullvinnar Martin Fagelund.