Støre om Mette-Marit: Ho tek ansvar
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier det var viktig at kronprinsesse Mette-Marit svarte på spørsmål om relasjonen sin med Jeffrey Epstein i eit intervju med NRK fredag.
– I intervjuet kjem det fram at ho angrar på kontakten med han og at ho er oppriktig lei seg. Ho tek ansvar for at ho ikkje sjekka bakgrunnen hans nøyare, seier han.
Støre seier han forstår at kronprinsparet er i ein krevjande situasjon.
– Eg synest det er bra at dei saman stiller opp for å svare på spørsmål. Det er viktig for å ta vare på tilliten i samfunnet vårt.
Det var Dagbladet som omtalte utsegna til Støre først.
