Kronprins Haakon: Visste Mette-Marit kjente Epstein
Kronprins Haakon bekreftar i eit intervju med NRK at han var klar over kontakten mellom kronprinsesse Mette-Marit og den overgrepsdømde Jeffrey Epstein.
– Dette var ikkje hemmeleg mellom oss, sjølvsagt. Eg høyrde også om at kronprinsessa syntest dette var komplisert. Ho slutta etter kvart å stole på Epstein og kom fram til at dette var ein person som ikkje ville henne vel, og førte til at ho braut kontakten med han.
Kronprinsessa seier i intervjuet at ho kjenner seg lurt og manipulert av Epstein, og at ho skulle ønske ho aldri hadde møtt han.
