Heiv hund på sjøen – brannvesenet rykka ut
Politiet rykka ut til Georgernes Verft i Bergen etter melding om at ein mann på tur med hunden sin blei truga av ein annan mann.
– På eit tidspunkt mister meldar kontroll på hunden sin, og den trugande mannen tok då tak i den og kasta den på sjøen, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Brannvesenet blei varsla og rykka ut med brannbåten. Dei fann hunden i sjøen, og den blei plukka opp og overlevert til eigar i god behald.
Politiet har kontroll på mistenkte. Det er ingen relasjon mellom dei to mennene.
