Utga seg for å vere FBI-agent – ville frigi Luigi Mangione
Ein mann er arrestert for å ha utgitt seg for å vere ein FBI-agent i eit forsøk på å frigi Luigi Mangione, melder CBC News.
Mangione sit varetektsfengsla i New York, sikta for å ha drepe UnitedHealthcare-sjef Brian Thompson på open gate i Manhattan i desember 2024.
Mannen som no er arrestert, ein 36 år gammal mann, skal ha reist til New York for ein jobb som ikkje blei noko av, før han gav ut seg for å vere FBI-agent og hevda å vere væpna då han viste fram førarkortet sitt til fengselsbetjentar.
