Evakuerte bustadblokk i Bergen – 14 bilar må sanerast
Brannvesenet fekk torsdag melding om røykutvikling frå eit teknisk rom i kjellaren på ei større lågblokk ved Øvre Sædalsvegen i Bergen.
Ifølgje politiet er 29 personar registrerte i bustadblokka, og alle i blokka blei evakuert.
– Vi har fått melding om eit smell og ein del røyk frå ein teknisk kjellar. Per no verkar hendinga å vere avgrensa til rommet, men dette er eit stort bygg, så potensialet er betydeleg. Vi rykker ut med store ressursar frå Bergen sentrum og Fana, opplyste Jostein Steinsland-Hauge i brannvesenet.
Det var ikkje observert opne flammar, men det var synleg røyk. Brannvesenet lokaliserte røyk frå eit elektrisk skap.
Kl. 18.46 var brannvesenet på staden. Dei opplyste om at det lukta svidd.
Ved 19-tida var brannen under kontroll. To blokker er straumlause etter brannen og 14 bilar må sanerast, ifølgje BT.
