USA: FBI ransakar vallokale frå 2020-valet
FBI seier at kontoret deira Atlanta gjennomfører ei politiaksjon som er godkjend av domstolane, melder Reuters.
Onsdag gjennomfører FBI ei ransaking ved eit valkontor i delstaten Georgia.
Ransakinga skal vere knytt til etterforsking av forhold rundt presidentvalet i 2020.
Presidentvalet i 2020, der Joe Biden slo Donald Trump, har sidan vore gjenstand for omfattande påstandar om valfusk frå Trump og støttespelarane hans, utan at det er funne bevis på at det skjedde.
Styresmaktene har førebels ikkje gitt detaljar om kva det gjeld konkret.
