Fleire lufthamner i Asia strammar inn etter Nipah-utbrot
Fleire land i Asia har skjerpa helsekontrollar på lufthamn etter eit utbrot av det dødelege Nipah-viruset i ein indisk delstat, melder fleire The Independent.
Thailand, Nepal og Taiwan har innført eller varsla skjerpa screening av reisande frå ramma område.
Meir enn 100 personar er sette i karantene i India, melder BBC.
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har klassifisert Nipah som eit prioritert virus på grunn av høg dødelegheit og fare for utbrot.
Nipah er eit virus som smittar frå dyr til menneske, oftast frå flaggermus eller grisar, men som også kan smitte mellom menneske, ifølge WHO.
FHI beskriv tidlege symptom på viruset som feber, hovudverk og muskelsmerter, medan alvorlege tilfelle kan føre til pustevanskar og hjernebetennelse.
