Regjeringa vil ha turistskatt på plass før 1. juli
Næringsdepartementet har sendt eit forslag til dei utfyllande reglane for den kommunale overnattingsavgifta, ofte omtalt som turistskatt, på høyring.
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) seier målet er at lova skal tre i kraft 1. juli 2026.
– Med dette forslaget legg vi fram eit rammeverk for den frivillige, kommunale overnattingsavgifta, seier Myrseth i ei pressemelding.
Lova om besøksbidrag blei vedtatt av Stortinget i juni 2025 og gir kommunar med stort press frå reiselivet høve til å innføre ei avgift på overnattingar.
Inntektene skal gå til tiltak som kjem både fastbuande og besøkande til gode.
Kommunar som vil innføre avgifta, må lage ein plan for bruken av midlane og vedta lokale forskrifter.
