Vestre med ambisjonar om «kortare ventetider og meir valfridom» i helsevesenet
– Vårt mål er at Noreg skal ha den beste helse- og omsorgstenesta i verda. Skal vi få til det må vi tenke nytt, og vi må jobbe saman, seier Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) under ein pressekonferanse.
Vestre presenterte måla for helse-Noreg fram mot 2030 – noko som har fått tittelen «Vår helse 2030». Måla opnar opp for meir privatisering i helsevesenet med «kortare ventetider, digitale løysingar og meir valfridom» for pasientar.
Regjeringa har også mål om at helsepersonell skal bruke meir av tida si på pasientar og eldre.
Ifølgje Vestre skal det ikkje vere merkbart om det er kommunen eller spesialisthelsetenesta som yter helsehjelp i 2030.
– Forløp, fristar og kvalitet skal følge pasientane – ikkje systemet eller organisasjonskartet, seier han i talen.
