Eksplosjonar høyrde nær hovudstaden i Sudan
Folk i Khartoum og nærliggande område vakna natt til fredag av eksplosjonar og dronar i lufta, melder nyheitsbyrået AFP.
Det skjer berre éin dag etter at den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) sa dei ville gå med på ei humanitær våpenkvile.
I byen Omdurman vart det høyrt smell nær ein militærbase og eit kraftverk.
I Atbara, nord for hovudstaden, vart fleire dronar skotne ned, men det skal ha oppstått brannar i austlege delar av byen.
Det er førebels ikkje meldt om skadde.
Sudan har vore prega av ein borgarkrig sidan april 2023, då hæren og RSF byrja å kjempe mot kvarandre.
Konflikten har ført til 9 millionar internt fordrivne, store øydeleggingar og ei humanitær krise, særleg i Darfur og Kordofan-regionane.
