Sjåfør krasja fleire bilar – mistenkjer fyllekøyring
Ein bil har køyrd inn i fjellveggen i fleire tunnelar mellom Vaksdal og Trengereid i ettermiddag. Køyretøyet har også krasja inn i minst to bilar. I tillegg er det funne ein velta MC i Trengereidtunnelen.
Ifølge Knut Dahl- Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, er det ingen som har blitt skadde i hendinga.
Dei fekk melding om hendinga klokka 12.22.
Sjåføren er ein mann i 50-åra. Han verkar rusa, ifølge politiet.
Dei har fått kontroll på mannen. Han blir frakta til sjukehus i ambulanse.
Naudetatane rykka ut etter at meldinga kom unn, og vegtrafikksentralen stengde Risnestunnelen, Romslotunnelen og Trengereidtunnelen på E16 i Arna.
Det er store trafikale utfordringar i området.
Politiet melder i ei oppdatering klokka 13.30 at tunnelane som var stengde, no blir opna. Dei har blitt sjekka for skader, og viser seg å vere uskadde.
Mannen køyrde i retning Bergen då hendinga skjedde.
– Bilen stoppa på Trengereid der publikum har oppheldt føraren til politiet kom fram til staden, skriv Dahl- Michelsen.
Bilen som den mistenkte mannen køyrde i, har store kollisjonsskadar og må hentast av bilbergar. Sjåføren er frakta til sjukehus i ambulanse.
Politiet opprettar sak og har kverrsett førarkortet til mannen.
