Tre ordførarar frå opposisjonen arrestert i Tyrkia
Tidleg laurdag morgon blei tre opposisjonsordførarar arresterte i Tyrkia, ifølgje AFP som viser til tyrkiske medium.
Arrestasjonane skal vere ein del av ei større etterforsking knytt til organisert kriminalitet, ifølgje medium.
Det er ordførarane i Adana, Adiyaman og Antalya som no er tatt av politiet. Alle tilhøyrer opposisjonspartiet «Det republikanske folkepartiet» (CHP).
Den tidlegare ordføraren i Izmir, Tunç Soyer, blei arrestert for fire dagar sidan. Han tilhøyrer også CHP.
Tidlegare i år blei også ordføraren i Istanbul, Ekrem Imamoglu, arrestert, også han frå CHP.
Han er sikta for korrupsjon, utpressing, kvitvasking av pengar og støtte til terrorisme.
Det førte til store protestar, mange tyrkarar meinte at Imamoglu blei tatt av politiske grunnar og at styresmaktene prøver å kneble opposisjonen.
