Fleire ringer hjelpetelefonen for å få støtte i sommar
Einsemd og psykiske utfordringar har ført til ein auke i førespurnader til Mental Helse i juni. Dei mottok 27.000 førespurnader berre i juni.
– Juni har vore den mest hektiske månaden for svartenestene i år.
Det seier generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse i ei pressemelding.
Sommaren er høgsesong for einsemd. Mange av samtalane handlar om psykiske helseutfordringar, familieproblem og utanforskap, ifølge Mental Helse.
– Ta kontakt på telefon 116 123 eller sidetmedord.no dersom du treng nokon å snakke med, seier Berg-Heggelund.
