Prinsesse Kate opnar opp om kreften
Britiske prinsesse Kate snakka onsdag for fyrste gong om kor vanskeleg tida etter kreftbehandling kan vere.
– Det er som ein berg-og-dal-bane. Det er ikkje ei jamn og roleg reise, slik ein kanskje trur. Men i røynda er det ikkje slik – du går gjennom tøffe periodar, sa ho til pasientar, frivillige og tilsette, under eit besøk på eit kreftstøttesenter ved Colchester sjukehus i Aust-England.
Ho sa òg at det å ha støtte rundt seg betyr mykje:
– Å ha ein stad som dette, med eit nettverk av støtte, anten det er gjennom kreativitet, song eller hagearbeid betyr mykje. Det er flott at dette lokalsamfunnet har det.
Kate, som er gift med arvinga til den britiske trona, prins William, fortalde i mars i fjor at ho hadde fått ein uvisst type kreft.
Etter førebyggjande cellegift har ho gradvis byrja å ta på seg offentlege oppdrag att
Ho peika òg på at mange som har vore gjennom kreftbehandling prøver å halde maska:
– Ein tek på seg eit slags modig andlet og prøver å vere sterk. Men tida etterpå er verkeleg, du veit, vanskeleg.
– Du er kanskje ikkje lenger under oppfølging frå sjukehuset, men du klarar heller ikkje heilt å fungere som før heime.
Òg kong Charles, far til William, fekk ein kreftdiagnose tidleg i 2024.
