Campingbil i brann: Sløkt av brannvesenet
Naudetatane rykte torsdag ettermiddag ut til campingplassen på Kjørnes i Sogndal etter melding om brann i ein campingbil. Grunna gassbehaldarar i bilen var det ein periode tryggleikssone på 50 meter.
Klokken 19.10 har brannvesenet sløkt brannen, opplyser operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad.
– Bilen står ganske fritt, så det er ikkje stor spreiingsfare, opplyste Frode Eide, fungerande vaktkommandør ved 110 Vest.
Det er ikkje meldt om personskade.
– Vi har sett bilete frå staden. Det er ingen flammar, men vi ser røyk, sa Eide.
