– Ta kontakt om du vil sjå «Drømmer»
Vega scene i Oslo set opp Gullbjørn-vinnaren «Drømmer» søndag til onsdag.
Vanlegvis blir filmen no berre vist på kino i Oslo, men har framleis også sporadiske framsyningar rundt om i landet.
– Over helga vil vi kontakte kinoane i dei større byane for nyoppsetting.
Det skriv Svend Jensen i filmdistributøren Arthaus til NRK.
Skulle du bu ein plass der filmen ikkje går, så er oppmodinga frå Jensen tydeleg:
– Kontakt din lokale kino for å få sett filmen opp igjen.
