Høg fangst av granbarkbiller over heile landet
Fangsten av stor granbarkbille gjekk opp i alle fylke med unntak av Vestfold og Nordland, viser tal frå Landbruksdirektoratet.
Akershus, Oslo, Buskerud og Oppland er fylka med høgast fangst.
Flere av områda med høge billetal er område som vart råka av stormen i november 2021.
– Me ser gjerne at det går nokre år frå ei større hending som svekker skogen inntreff, til me ser ei auke i barkbillepopulasjonen. Dei høye billetala i år kan difor vera eit resultat av vindfellingane, seier rådgiver i Landbruksdirektoratet, Silje Stavdal i ei pressemelding.
Landbruksdirektoratet oppfordrar skogeigarar, kommunar og tømmerkjøparar til å fylga litt ekstra med på skogen neste år.
