Biden vil selje F-16-fly til Tyrkia
USAs president Joe Biden vil i samråd med Kongressen gå vidare med planane om å overføre F-16-fly til Tyrkia, seier tryggingsrådgjevar Jake Sullivan, ifølge Reuters.
Tyrkia har ønska å kjøpe fly frå USA for å modernisere kampflyflåten sin, men det har vore motstand i Kongressen mot å selje kampfly til Tyrkia.
Biden har gjort det klart at eit sal kan bidra til å løyse opp i floken som har hindra at Sverige kan bli Nato-medlem. Måndag sa Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan at han kunne gå med på svensk medlemskap.
