Kvinne henta med luftambulanse etter trafikkulykke
Ein bil har køyrt i fjellveggen ved Leirvik i Hyllestad. Det var éi kvinne i køyretøyet. Ho er frakta til sjukehus med luftambulanse. Ho skal vere medviten, melder Vest politidistrikt.
Ulukka skjedde i 13.30-tida i ei 80-sone. Bilen sperrar eitt køyrefelt.
– Det er noko lekkasje og materielle skader på køyretøyet. Vegen er stengd og naudetatane er på veg, opplyste operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt.
Stian Kvam i 110 Vest seier personen ikkje er fastklemt. Brannvesenet hjelper politiet med å sperre av trafikken, samt med opprydding.
Bilbergar er bestilt og politiet jobbar på staden. Vegen er open og det er manuell dirigering på staden.
