Politiet: – Få rusa barn ut av sentrum
Etter å ha observert større samlingar med rusa mindreårige på Torgallmenningen i Bergen, oppmodar politiet no foreldre om å ta kontakt med barna sine og få dei heim.
– Det er for å unngå ordensforstyrringar seinare. Me vil ikkje har rusa mindreårige i sentrum no i kveld, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt.
Det har tidlegare vore meldt om kring ti slagsmål i Bergen på nasjonaldagen. Ein mindreårig gut fekk slått ut tenner på Torgallmenningen ved 16-tida. To menn er køyrd i arresten onsdag ettermiddag.
