Sjukepleiarforbundet kritisk til Ap-vedtak
0
Leiaren i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, trur ikkje avgrensingar for private aktørar i norsk helsevesen vil løyse utfordringane i sektoren.
– Det største problemet i dag er at 17.000 sjukepleiarar jobbar heilt utanfor helsetenesta, seier ho til NRK.
Under Arbeidarpartiets landsmøte i helga vedtok partiet å avgrense private helsetilbod for å sikre beredskapen i det offentlege helsetilbodet.
