Endå ein milliardær melder flytting til Sveits
Milliardær, investor og teknologigründer Fredrik Halvorsen har meldt flytting frå Snarøya til Lugano i Sveits, melder DN.
Folkeregisteret viser at Halvorsen blei registrert flytta til Sveits 23. september i år, skriv E24.
Halvorsen stod oppført i ligningslistene med ei formue på 560 millionar kroner i 2020, og betalte 5,6 millionar i skatt, ifølge Dagens Næringsliv. Kapital har rekna ut formua hans til 1,4 milliarder kroner.
Etter at milliardær og Aker-eigar Kjell Inge Røkke meldte flytting til Sveits i midten av september har fleire milliardærar meldt at dei flytter til Sveits.
