Åtvarar sjakkforbundet mot Kindred
Lotteritilsynet åtvarar Norges Sjakkforbund mot å inngå avtale med bettingselskapet Kindred. – Dei bør vurdere konsekvensane av ein slik avtale nøye, skriv tilsynet i ei pressemelding.
Kindred tilbyr NSF 50 mill kr over fem år for å jobbe for å endre norsk spelpolitikk.
NSF skal ta stilling til tilbodet på sin kongress 7. juli.
