Dalai Lama håpar han blir 130 år
Dalai Lama fyller 90 år søndag. Han blir sett på som den øvste leiaren for den tibetanske buddhismen. Laurdag blir 90-årsdagen markert med ein parade for han i den indiske byen Dharamshala. Der seier den åndelege leiaren at han ynskjer å leve i 40 år til, og at han håpar å bli heile 130 år, ifylgje Reuters. Den noverande Dalai Lama heiter Tenzin Gyatso, og lever i eksil i India- Tidlegare denne veka sa Dalai Lama at han ynskjer ein etterfylgjar etter han er død.
