Kulitsjnikov knuste rekorden
Pavel Kulitsjnikov knuste verdsrekorden på 1000 m i skøyte-VM, og gjekk på 1.05,69. Kjeld Nuis hadde den gamle på 1.06,18.
Nuis tok sølvet med 1.06,73, eitt hundredeler framfor bronsevinnar Thomas Krol.
Håvard Holmefjord Lorentzen tok femteplassen med 1.07,00. Odin By Farstad sette personleg rekord med 1.08,60 og blei nr 23.
Kulitsjnikov har tidlegare vore utestengd for doping. Det kommenterte Lorentzen overfor Viasat:
– Det er for all del imponerande det han gjer, men det er alltid med litt bismak ut frå det han har vore borti tidlegare.
– Eg skulle helst sett at det var nokon med reint rulleblad som gjorde det, og vi veit at ein nyt godt av å ha gjort slikt i all framtid, men det er ikkje mi oppgåve å utestenge nokon.