Eckhoff vann etter superløp
Tiril Eckhoff gjekk eit nesten fullkome løp og vann sprinten i Ruhpolding. Ho var 29,7 framfor Hanna Öberg og 36,8 føre Dorothea Wierer.
– Det er eitt av dei beste skirenna eg har gått, sa Eckhoff til NRK etter målgang.
Det betyr også at Eckhoff overtar leiinga i verdscupen frå Wierer.
Ho har mest av alt jobba med å halde seg frisk i vinter.
– Då får ein trena meir, og då blir ein betre, sa ho.
I år ofra ho julefeiring tiul fordel for høgdeopphald i Anterselva, der VM skal gå seinare i vinter.
– No kan eg smake på det er gjorde i jula, det var smart, sa Eckhoff.