Bø droppar renn etter sjukdom
Skiskyttar Tarjei Bø blei sjuk i romjula og mista difor all hardtrening på grunn av ein forkjølelse. Difor har stryningen valt å droppe lørdagens verdscupstafett i tyske Oberhof, men er klar for fredagens sprint.– Eg er frisk og har fått trent litt, men har gått glipp av den tøffe treninga. Då har du litt spørsmålsteikn, men eg har vel eit greit talent så eg får prøve å gå på det, seier Bø til NRK.