123ru.net
World News in Norwegian

OL-surfing på Tahiti

02
OL-surfing på Tahiti

OL-arrangørane i Frankrike valde torsdag å legge surefekonkurransane i OL i 2024 til stillehavsøya Tahiti. Det er 15.700 km og 20 flytimar unna Paris, som er vertsby for sommarleikane.

Ifølgje arrangørane vil dette ikkje ha betydning for kostnadene, eller skape ekstra problem for klima og miljø.

Valet er gjort fordi det er nesten garantert ideelle bølgjer for surfing.

Men det er også kontroversielt, fordi bølgjene er rekna som farlege for kvinnene. derfor står ikkje Tahiti på kvinnenes verdscupliste.

– Vi set opp kvinnenes konkurransar på den tida på dagen når bølgjene er minst, seier Lionel Teihotu i Tahitis surfeforbund.

Tahiti er ein del av øygruppa Fransk Polynesia, som er rekna som ein del av Frankrike, men med indre sjølvstyre.

Комментарии для сайта Cackle




123ru.net – это самые свежие новости из регионов и со всего мира в прямом эфире 24 часа в сутки 7 дней в неделю на всех языках мира без цензуры и предвзятости редактора. Не новости делают нас, а мы – делаем новости. Наши новости опубликованы живыми людьми в режиме онлайн. Вы всегда можете добавить свои новости сиюминутно – здесь и прочитать их тут же и – сейчас.