Arsenal og Ødegaard ute
Arsenal er ute av Europaligaen etter at det andre semifinale-oppgjeret mot Villarreal enda 0–0. Det spanske laget leia 2–1 etter det første oppgjeret, og sjølv om Arsenal hadde sine sjansar så lukkast dei ikkje med å få ballen i mål. Martin Ødegaard hadde ein relativt anonym kveld for heimelaget, og blei bytta ut etter om lag halvspelt andre omgang med det som såg ut som ein liten smell. Villarreal møter Manchester United i finalen i Gdansk 26. mai